ÅVER
HÅNDVERKSNIKKERI
Interiør | Eksteriør | Restaurering | Signaturprosjekter
Øvst i Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, finn du den vesle fjellbygda Lalm. Her har generasjonar av arbeiderar vunne ut kleberstein, trevirke, vasskraft og landbruksprodukt frå ein krevjande og samstundes gavmild natur. I moderne produksjonslokal på Lalm førar vi stolte handverkstradisjonar inn i ei ny tid gjennom Åver håndverksnikkeri.
Lågå på Lalm. Åver din forventing.
Håndverksnikkeriet Åver består av fem dedikerte karar med livslang erfaring frå trevirke. Vi lagar nett dei treprodukta du måtte ynskje, i både tradisjonell og moderne stil. Interiør, eksteriør og restaurering av objekt i tre og smijern. Eksempel på produktar vi kan levere er:
Vi nytter kun fyrsteklasses trevirke, og er alle fagfolk til fingerspissane. Alle emner er tilverka for hand frå botn av i snikkerhallen på Lalm ved foten av Jotunheimen. Utforming, materialval og løysingar utviklar vi gjerne i tett samspel kunden.
Vårt namn – din
kvalitetsgaranti
Åver har nøgde kundar av alle slag. Bønder og bohemar, arbeidsfolk og kongehus, familiar og hytteeigarar, kommunar og stiftingar. For oss er knapt noko oppdrag for lite, inga utfordring i tre for stor. Namnet vårt er vår ambisjon og din garanti.
Vi skal alltid:
-
Åverbevise på kvalitet.
-
Åverraske i design.
-
Åvergå dine forventingar.
Vi seier som dikterhøvdingen Olav H. Hauge:
Ei pil som skal råka, kan ikkje gjera mange krokar.
So når eg siktar på deg, siktar eg litt åver.


HEIL VED
Vi leverer kvalitet. Åver di forventing.






ÅVERSETTING
Dialektordbok – døl for dummies.
Til nytte og aha-opplevingar for nye og gamle samarbeidspartnarar.
Åverraske
over|raske verb
Gjere nokon forundra, forbause sterkt; resultatet åverraska alle.
Åverraske med noko
glede (nokon) med (noko uventa). Til dømes eit kvalitetsprodukt frå Åver handverksnikkeri.
Burtåver
bort|over preposisjon
Langs, etter; i samme retning.
Sjå deg burtåver kom innom oss, så tar vi en prat. Til dømes på Lalm Håndverksenter
Stavelsen -åver blir og nytta i preposisjonar som uppåver, neåver, framåver, heimåver, etc
Åvergå
over|gå verb
Nå høgare enn, gå forbi, overstige. Overgå seg sjølv, levere betre kvalitet, vere dyktigare enn før.
Åver håndverksnikkeri sitt motto og løfte til sine kundar: Vi skal åvergå dine forventingar.
Åvertid
over|tid verb
Innsats utover normal arbeidstid, gjerne kveld eller helg.
Arbeide åvertid legge ned dei ekstra timane og fliden som krevst for å lever åver forventing.
Såggå åver
sage over verb
Folkeleg uttrykk for å dele trevirke i to.
Beslekta med
handverksuttrykk som pusse åver, måle åver og høvle åver. Sistnemde bør nyttast med omhu, då det lett kan bli misforstått av mottakar som heilt anna aktivitet.
DIALEKT FOR DUMMIES
...og frå engelskordboka:
It ain't over till it's Åver
KONTAKT OSS
Interiør | Eksteriør | Restaurering
Vurderar du skreddersydde løysingar til hus eller hytte, interiør eller eksteriør? Vi gir raskt og uforpliktande tilbod. Fyll inn skjemaet lenger ned så høyrer du frå oss.
Tlf: 996 23 015 | E-post: post@aaver.no
Åver håndverksnikkeri
Kolbottvegen 9B
2682 Lalm
